Hopp til hovedinnhold

Mat i verdsklasse

Bekkjarvik er ein gamal fiskartettstad omkransa av gamle bygg og kaianlegg.
Det var den danske kongen Kong Christian Quart som på 1600-talet vedtok at det skulle byggjast gjestehus for kvar halve eller heile dagsreise i skipsleia. I dag er Bekkjarvik Gjestgiveri medlem av Historiske Hotell og Spisestader.

Vertskap er familien Asta og Øystein. Dei kan stolt ynskje velkommen til bords med nokre av verdas og landets beste kokkar. Ørjan Johannessen tok nemlig gull i Bocuse d´Or Lyon 2015. Tvillingbroren Arnt blei same år kåra til året kjøkkensjef av Norges kokkmesteres Landsforening.

Årets gjestehamn og rekreasjon

I Bekkjarvik finn du 3 gjestehamner og dei blei kåra til årets gjestehamn for tredje gong i 2021. Om sommaren kryr det av både småbåtar og seglbåtar, men små cruisebåtar og yachtar kjem også inn til Bekkjarvik.

Her får du smak av ekte vestlandsk kystkultur og kysthistorie. Du kan og kjenne på ro og fred og nyte nokre rolige dagar i den vakre kystnaturen.

De finn mange fine turløyper rundt Bekkjarvik, i parken, langs kyststien og sherpatrappene opp til Kongsfjellet. Eller ta dykk ein sykkeltur rundt i øyriket Austevoll. Mange av dei store øyene i kommunen er knytt saman med bruer.

I Bekkjarvik finn du fleire både små og større arrangement, konsertar, og utstillingar heile året.

Med hurtigbåttur frå Bergen er du her på ein kort time. Det nærmaste ferjeleiet er Husavik med ferje frå Sandvikvåg. Det går også ferje mellom Krokeide (sør for Bergen) og Hufthamar (nord i Austevoll).

Kommende arrangementer