På 1860- talet var Kalvåg kanskje det største fiskeværet på kysten, og bygda hadde forretningar, sjukehus, kyrkje, lensmannsgard og skulehus. Fiskeri har vore hovudnæringa i Kalvåg, medan i dag er nesten heile bygda eit stort, levande hotell.

Mange av dei gamle sjøhusa er restaurerte for overnatting, og i gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, rom eller leilegheiter, restauranten, puben, dansegolvet og møteromma, som utgjer Knutholmen.

Med sin lokasjon, er Kalvåg vêrutsatt. Dette kan du oppleve på nært hald i frå stormjakthytta Dosabu. Den ligg heilt ytterst på Frøya og her får du panoramautsikt over havet – utan å bli våt.

Ikkje langt i frå Kalvåg, finn du Grotlesanden. Grotlesanden er ei perle av ei sandstrand som ligg ytterst på Bremangerlandet. Stranda er barnevennleg og godt rettelagt for besøkande med parkering og toalett. Dette er også starten på den populære fjellturen Veten. På toppen får du ei nydeleg utsikt utover stranda og havet.

Lenge var Vetvika ein hemmelegheit kun eit fåtal menneske i Bremanger visste om. I dag derimot, sprer ryktet seg fort om den hemmelige vika med den krittkvite stranda, det azurblå havet og dei loddrette svarte klippeveggane. Turen til Vetvika er ein lenger gåtur, og det gjer at du kan få stranda heilt for deg sjølv. Om du først tar turen, tilbring gjerne natta der og nyt solnedgongen som går rett ned i havet.

I tillegg til sjøbaserte opplevingar som dykking, fiske og båtturar, byr landskapet rundt Kalvåg på fine turmoglegheiter til lands. Det går fleire stiar rundt fiskeværet, der du kan velge mellom alt frå korte halvtimesturar til fleire timars vandring i kystlandskapet.

Planlegg reisen din!

Vil du oppleve dype fjorder, høye fjell, landskap som tar pusten av deg, kultur og de ekte, vestnorske smakene? Da har du kommet på rett sted!

Finn aktiviteter, overnattingssteder, kulturopplevelser og spisesteder for å fylle ferien din med det beste av hva Vestlandet kan by på.