Voss Resort er ein aktiv stad heile året. Om sommaren blir område flittig nytta til vandreturar, bading, ta bilete med Hangurshusko og til å fly paraglidar. Hang- og paraglidarklubben har hovudstart på Hangurstoppen og paraglidarane er til stor underhaldning for store og små. Voss Gondol går heile året og gjer fjellet tilgjengeleg for alle. Du får vandrekart med mange flotte turtips i turistinformasjonen ved nedre stasjon og på toppstasjonen. Har ein med småbarn og barnevogn er også Hangurstoppen perfekt, dei ein lett og tilrettelagt sti på grus, som passer for alle. Løypa er nesten 1km lang. Hangurstoppen restaurant serverar god mat med fokus på lokale råvarer og sesongvarer. Her sitt ein bak store vindauge og kan nyte utsikta i all slags vær.

Om vinteren kan ein leike seg i det som mange kallar «Norges beste skiterreng».

I Voss Resort finn du eit alpinanlegg med alt frå lette til krevjande løyper. Her er det også fleire områder for barna og ein terrengpark for dei meir vågale. Eit avansert snøkanon-anlegg og mykje nedbør gjer snøgaranti og endå betre løyper gjennom heile sesongen.

  • 40 km preparerte løyper, alt frå lett til vanskeleg.
  • 11 heiser og trekk (inkludert Voss Gondol). Voss Gondol tar deg til Hangurstoppen frå Voss Stasjon på under 9 minutter.
  • 24 nedfartar.
  • Internasjonal storslalåm-løype og Super-G løype.
  • Fantastiske forhold, terreng og store frikøyringsområder.
  • 18 kilometer preparerte langrennsløyper.
  • Tre eigne områder for barn og nybegynnarar; på Hangurstoppen, Slettafjellet og i Bavallen.
  • Eigen terrengpark.
  • Skicrossløype.
  • Kveldskøyring.
  • Restaurant på Hangurstoppen, samt tre kaféer/varmestover i anlegget.
  • Skiskule og skiutleige både på Hangurstoppen og i Bavallen.

Hjå Voss Resort kan du overnatta i moderne sjølvhushald hytter og leilegheiter med skibakken som nærmaste nabo. Hyttene og leilegheitene ligg flott til med utsikt mot Vossafjella, og med korte avstandar til det meste. Det er knappe 1,5 t køyring frå Bergen, og omlag ti minutt frå Voss sentrum, eller fem minutt til daglegvarehandelen i Skulestadmo. Mange av dei som bur hjå på Voss tar og dagsturar til Hardangerfjorden og Sognefjorden, som ligg berre 45 minutt unna med bil.

An icon of trees

Opplevingar på Voss

Les mer om kva du kan oppleve på Voss!

Planlegg reisen din!

Vil du oppleve dype fjorder, høye fjell, landskap som tar pusten av deg, kultur og de ekte, vestnorske smakene? Da har du kommet på rett sted!

Finn aktiviteter, overnattingssteder, kulturopplevelser og spisesteder for å fylle ferien din med det beste av hva Vestlandet kan by på.