Hopp til hovedinnhold

Hotel Union ligg midt i den vesle bygda Geiranger med populære sjåverdigheiter like i nærleiken. Hotellet blei oppført i 1891 og var opphavleg ein trebygning i sveitserstil. Hotellet har seinare blitt utvida og ombygd fleire gonger. I dag har det 197 rom – mellom anna 17 suitar – og dessutan fleire restaurantar og barar, bade- og spaavdeling med basseng ute og inne, treningsrom, leikerom for barn og konferanseavdeling.

Kort veg til sjåverdigheiter

Frå hotellet er det kort veg til populære sjåverdigheiter. Rett utanfor hotelldøra kan du starte på fossevandringa som går langs Storfossen og ned til fjorden. Dette er ein populær tur der du kjem tett på fossen og naturkreftene. Vis-à-vis hotellet finn du Norsk Fjordsenter, som er besøkssenteret for verdsarvområdet Geirangerfjorden. I tillegg er hotellet eit godt utgangspunkt for utflukter, aktivitetar og opplevingar elles i Geiranger, mellom anna fotturar til Storsæterfossen, Vesteråsfjellet, Løsta og Skageflå.

Union Bad & Spa

Dersom du besøkjer Hotel Union i Geiranger, må du få med deg eit besøk i eit av Noregs beste spa. Inne på Union Bad finn du oppvarma basseng, barnebasseng og sauna, og ute finn du oppvarma terapibasseng. Alle gjester som bur på hotellet, har fri inngang til Union Bad under opphaldet.

Union Spa kan by på 1500 kvadratmeter med velvære. I våtromsdelen finn du mellom anna opplevingsdusjar, japansk varmebad og ulike saunaer. I avslappingsdelen er det flotte stover med store, gode stolar der du kan lene deg tilbake og nyte den flotte utsikta over fjell og fjord. For å komme inn på Union Spa må du kjøpe spabillett. Denne billetten inkluderer spafrukost og kaffi, te og frukt gjennom dagen. Ønskjer du å gjere litt meir ut av spabesøket, kan du bestille ei velgjerande spabehandling med ein av dei dyktige terapeutane på hotellet.

Mat- og drikkeopplevingar på Hotel Union

På hotellet får du servert god mat laga frå grunnen av med kvalitetsråvarer frå lokale og norske leverandørar. På @Restaurant Fjorden er det både frukost- og middagsbuffé. På @Kafé Løsta ved bassengavdelinga i 3. etasje serverer dei enkle lunsjrettar og forfriskande drikke. På @Restaurant Julie får du servert både gode lunsjrettar og trerettars middag. Hotellet har eigne sommelierar og eigen vinkjellar.

Ein del av «De Historiske»

Hotellet er ein del av «De Historiske», som er ein medlemsorganisasjon med mange av dei mest sjarmerande og unike hotella og spisestadene i Noreg.

Veteranbilmuseum

Geiranger har ei rik historie innan turisme, og den første cruisebåten segla inn fjorden allereie i 1869. Bøndene i Geiranger begynte tidleg å skysse turistar oppover til dei populære utsiktspunkta. I starten brukte dei hest og kjerre, men etter kvart gjekk dei saman og investerte i bilar – opne sjusetarar. Fleire av bilane som blei brukte til skyssing av turistar, er blitt restaurerte og er no utstilte på hotellet. Utstillinga er open for gjestene på hotellet.

Berekraft

Hotellet arbeider målretta med berekraft og er sertifisert som Miljøfyrtårn. Som ledd i det kontinuerlege arbeidet med miljø og berekraft har hotellet investert i avfallssystem med kompostering og redusert tallerkenstorleiken på bufféane for å redusere matsvinn.

Geiranger året rundt

Geiranger er ein populær stad å besøkje om sommaren, men er vel så vakker elles i året. Kvar årstid har sin eigen sjarm: Sommaren byr på yrande liv, grøne fjellsider og turkis fjord. Våren kjem med snødekte fjelltoppar, eirgrøne fjellsider og frodige fossefall. Om hausten er fjellsidene dekte av fargar frå grønt til gult, oransje og raudt, og tempoet i bygda blir rolegare. Vinteren er ei magisk tid der du omtrent kan få heile bygda for deg sjølv og nyte snødekte fjell og frosne fossefall.

    Kontakt

    Adresse:
    • Geirangervegen 101
    • 6216 Geiranger
    Telefon:
    +47 70 26 83 00
    E-post:
    geiranger@hotelunion.no
    Nettside:
    www.hotelunion.no

    Fasiliteter

    Medlem av Historiske hoteller og spisesteder:
    Frokost:
    Parkering:
    WIFI/Internett:
    Konferansefasiliteter:
    Lekeplass/lekerom:
    Restaurant:
    Treningsrom:
    Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
    Ladepunkt for elbil:
    24 t resepsjon:
    Sesong:
    • Vinter
    • Vår
    • Høst
    • Sommer

    Hvor er Hotel Union Geiranger?