Hotel Ullensvang ligg vakkert til ved fjordkanten i Lofthus, midt i Noregs største frukthage.   Det tradisjonsrike hotellet er omkransa av eit majestetisk fjordlandskap og eigd og drive av same familie gjennom fem generasjonar. Edvard Grieg var stamjest på hotellet og blei inspirert av den mektige utsikta over Hardangerfjorden mot isbreen Folgefonna.

Hotellet har 168 rom i ulike kategoriar, stor konferanseavdeling (2-400 pax) og selskapslokale med plass for 10-350 personar. Hotel Ullensvang byr på flott badeavdeling for vaksne med oppvarma innan- og utandørs basseng. For heile familien er det ein 88 m lang symjekanal mellom innandørsbassenget og horisontbassenget ute. Hotellet har stor hage med eiga sandstrand og vasstrampoline, og for dei som ynskjer ein tur ut på fjorden er ro- og padlebåtar tilgjengeleg. Hotel Ullensvang har bufférestaurant samt den spennande à la carte restauranten Zanoni som er open i sommarhalvåret. Hotellet er eit godt utgangspunkt for å oppleve Hardangerfjordregionen, og kjende fjellturar som HM Dronning Sonja sin panoramatur, Munketrappene, Trolltunga og Husedalen er i nærleiken. Helikoptertur er mogleg for dei som ynskjer å sjå Hardangerfjorden frå lufta. 

Velkommen til Hotel Ullensvang! Sjekk inn. Pust ut!

Tilkomst:Nærmeste togstasjon:                          Voss (50 km) – 45 min med bilNærmest flyplass:                             Bergen Flesland BGO (149 km)

Med bil frå:Bergen (149 km):         2 – 2.5 tHaugesund (170 km):   2,5 – 3 tStavanger (220 km):     3.5 - 4 tOslo (355 km):             5,5 – 6 t (via Geilo eller Haukeli)

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Lofthus
  • 5787
  • Ullensvang
Telefon:
53 67 00 00
E-post:
ullensvang@hotel-ullensvang.no
Nettside:
www.hotel-ullensvang.no

Fasiliteter

Konferansefasiliteter:
Lekeplass/lekerom:
Parkering:
Restaurant:
Treningsrom:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
WIFI/Internett:

Hvor er Hotel Ullensvang?