Hopp til hovedinnhold

Råvarene kjem hovudsakleg frå nærområdet, og det gjeld også drikkevarene; eplejuicen kjem frå bygda ved foten av fjellet, vatnet kjem frå den mektige Jostedalsbreen og Odin sitt eige øl vert brygga lokalt. På Hoven er det ulike arrangement gjennom året, blant anna konsertar og eksklusive middagar.

Inne i restauranten finn du ein bar med eit stort utval av alkoholhaldige og alkoholfrie drikkevarer. Du kan velge om du vil sitje i baren eller ute på vestterrassen.

I Skyshop på takterrassen finn du kanelbollar og is, samt varm sjokolade, kaffe, te, cappuccino, espresso og mineralvatn. Her finn du også gåveartiklar og souvenirar.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • 6799
    • Loen
    Telefon:
    +47 57875900
    E-post:
    post@loenskylift.no
    Nettside:
    www.loenskylift.com

    Hvor er Hoven Restaurant?