DMC-ane i Sognefjorden kan ordne overnatting på fjordnære hotell eller overnatting i spesielle omgivnader, transport, restaurantar, aktivitetar, guida turar på breen eller i fjella, attraksjonar eller konferansar.

Wonderlust DMC|© Wonderlust DMC

Wonderlust DMC

FJORDAR, FJELL, UNESCO-STADER, ISBREAR, FOSSEFALL

La oss vise deg underverka i det mangfaldige Vestlandet

Vi er ein DMC/incoming turoperatør i den vakraste delen av Norge - midt i fjordane, fjella og breane. Vi kjenner historia, kulturen og livsstilen og kjenner alle dei "skjulte perlene" - dei fantastiske og autentiske stadene utanfor masseturismen. Vi har mange års erfaring med å organisere turar og aktivitetar enten du reiser åleine, reiser med familie, i små grupper eller ønskjer å arrangere turar/arrangement for store grupper opp til 200 deltakarar. Vi er spesialistar på å tilpassa unike opplevingar, med den visjonen at ferien skal vere føde for både hjarte, kropp og sinn.


Vi elskar friluftsaktivitetar som å gå turar, sykla, padla kajakk, glamping og sova i hengekøye ved fjorden. Vi elskar òg å bu på alle dei sjarmerande historiske hotella, og vandre på kulturstiar med nokon som fortel deg historia om fortid og nåtid. Alt krydra av dei gode anekdotane vi alle liker så godt høyra. Lokalt produserte ingrediensar omforma til herlege måltid er både ein hobby og noko vi vil at du skal oppleva. Og miljøet står i høgsetet - noko du ser i alle tenestene våre.
Vi tek vare på deg frå byrjing til slutt gjennom heile reisa di i Norge. Visjonen vår er at kvar einaste gjest forlèt oss med gode minne som varer resten av livet.

Vi tilbyr:
• Turforslag til individuelle reisande og/eller små grupper. Vi set saman unike opplevingar for deg eller familien/vennegjengen din etter din preferanse, med eller utan overnatting og transport. Ynskjer du å bu på eit ærverdig historisk hotell, eit pittoresk boutiquehotell, leige leilegheit for heile familien eller kanskje komme til eit ferdig oppsett telt med litt luksus? Transport med elbil, minibuss etc. Vi organiserer etter dine ynskje.
• Skreddarsydde eller ferdige turar til turoperatør og reisebyrå. Turpakkane inneheld temareiser, jakt og fisketurar, musikkreiser, vandreturar, pilegrimsturar, yoga-retreats eller tradisjonelle guida turar på Vestlandet. Turane kan inkludere alt av transport, overnatting, guiding og måltid etter kor mykje ein ynskjer å ha med i pakken
• Opplegg for kurs og konferansar, leiarmøte, etterutdanning for bedriftsmarknaden.

Bestilling og informasjon:
Wonderlust.no
post@wonderlust.no
+47 924 08 940

Godt å vita:
Wonderlust er eit familieeigd selskap med fokus på unike opplevingar, god kvalitet og miljømessig berekraft. Vi er medlem av reisegarantifondet (RGF).
Tenesteperiode: Heile året

Amazing Fjords|© Falkeblikk AS

Amazing Fjords DMC

Søker du en erfaren, kunnskapsrik, nasjonal DMC til å skreddersy din ultimate Norges-opplevelse? Uansett destinasjon i vårt langstrakte land så er vi her for å hjelpe.

Vi kan komme med tips om lokale skjulte skatter som de færreste kjenner til, unike overnattingsmuligheter fra boutique hotel, til tretopp hytte, konferansehoteller og private villaer, og selvfølgelig organisere de unike aktivitetene for små og store grupper. Vårt fantastiske team er små i tall men store i kunnskap.
Vi designer og skreddersyr turer og events både til bedriftsmarkedet og private. Suksessen ligger i å se og forstå hver kundes behov og ønsker. Når du så får muligheten til å være kreativ og kan by på det beste Norge har å tilby er det lite som kan gå galt ;) 

Om du drømmer om brevandring i Sognefjorden, fruktblomstring i Hardangerfjorden, cruise i Geirangerfjorden, fyrtårn-overnatting i Stavanger, hvalsafari i Lofoten eller oppleve Nordlyset i Tromsø, uansett drøm er vi her for å oppfylle den for deg.

Amazing Fjords er en familiebedrift og medlem i Reisegarantifondet (RGF). Vårt mål er å gi hver og en av våre gjester opplevelser som de vil huske for resten av livet! Vi er stolte av tittelen Norges Beste DMC som Amazing Fjords fikk tildelt i 2020. Vi tilbyr den beste totalpakken av service, aktiviteter og unike overnattingssteder kombinert norsk lokalmat og eksepsjonelle utendørs lokasjoner for lunsjer du bare kan drømme om. 

Amazing Fjords DMC|© Falkeblikk AS

Fotefar Temareiser

Fotefar temareiser har spesialisert seg på gruppereiser der historie- og kulturopplevingar står sentralt.

Vi tilbyr
• Turopplegg til grupper over 10 personar:
- Storfamilie
- Vennegjeng
- Bedrifter
- Lag/organisasjonar
- Kor/musikkgrupper
• Ferdige eller individuelt tilpassa turforslag til turoperatørar
• Møter, kurs og konferansar
• Fagperson med på tur (Historikar, universitetsprofessor, journalist, etc.)

Kontakt
fotefartemareiser.no
post@fotefartemareiser.no
+47 918 20 304

Om oss
Fotefar temareiser har i snart 20 år skapt unike opplevingar der ein kjem tett innpå historia og lokalsamfunnet. Vi har fokus på berekraft i alle ledd, og vektlegg miljøsertifisering hjå leverandørane våre. Vi er medlem av reisegarantifondet (RGF).