Haaheim Gaard- Ei kulturell oppleving på Tysnes

Haaheim Gaard ligg i fjellsida ved foten av Tysnessåto ( 751 moh.). Gården består av ein flott kulturhage med kapell, hagehus og 1500 meter med hagestiar som slyngar seg mellom små hagerom av benkar og blomsterbed.

Ved Haaheim Gaard manglar det ikkje på opplevingar, her får du konsertar, festivalar, teater, opera, allsong og foredrag. Vertskapet du får på Haaheim Gaard er heilt i toppen, godt leia av husfaren Torstein Hatlevik.

Og skal du på overnattingstur med den du er glad i til Haaheim Gaard, kan hotellet garantere for eit amorøst opphald.

Tretopphytte for heile familien – midt på fjellet

Tretopphytta Ørnablikk finn på Dyvikesåto i Stord Kommune, midt mellom Bergen og Haugesund. Hytta ruvar ca. 180 moh med ein fantastisk utsikt vest i havet over til Bømlo og ut mot Sørstokken, flyplassen på Stord.

Hytta finn du ni meter over skogbotnen, innimellom trekronene.Her er du eit med den vestnorske skogvillmarka, fjell, fjord og hav. Hytta har 9 soveplassar og passar perfekt for ei vennegrupper eller familie på tur. Om kvelden kan ein nyta utsikten frå den store terrassen som kretsar rundt hytta, mens ein held varmen rundt bålpanna. Velkommen til Himmelhyttene.

Camping er fornya – no heiter det glamping

Camp Ålfjorden finn du innerst i Ålfjorden i Sveio. Hos Camp Ålfjorden er målet å finne roen tett på naturen. Her er alt tilrettelagt for turar på sjøen, fiske, bading, vannaktivitetar og turar i naturen.

Har du med deg bubilen kan du bestille deg ein plass tett på sjø og natur. I 2021 opna Camp Ålfjorden også glamping, med 2 flotte glamping-telt kan du no få ein teltovernatting utanom det vanlege.

Bekkjarvik Gjestgiveri – ei kongeleg overnatting

Bekkjarvik Gjestgiveri har stått same stad heilt sidan 1600-tallet, då Kong Christian avgjorde at det skulle vera gjestehus for halve dagsreise langs norskekysten.

I dag er Bekkjarvik Gjestgiveri ei lun hamn for både nordmenn og utanlandske gjestar. Mange kjem hit i dag for å finne ro og nyte fine dagar i den vakre naturen. Og med Team Johannessen som vertskap ligg alt til rette for ei kulinariske oppleving. Med prislønte kokkar og restaurant, og eit fokus på ferske og lokale råvarer, er du sikra eit måltid i verdsklasse.

Ryvarden Kulturfyr

Kan du tenke deg fyrferie? – Ei helg med venninner? Eller kanskje arrangere strategimøte med dine medarbeidarar med ei anna ramme rundt møtet? Ryvardsneset strekkjer seg ut i havet, her vil du kunne kjenne på møte mellom hav og himmel. På Ryvarden finn du bl.a. Galleri Ryvarden, kafé, kunstatelier og fyrmeisterbustad som du kan leige for overnatting. Galleri og kafé er ope alle søndagar- og heilagdagar frå mars til november , med utvida opningstider om sommaren. Du kan og leige selskapslokale her. Frå Mølstrevåg er det 2 km å gå på god grusveg. Vidt utsyn over Nordsjøen, Sletta, Bømlafjorden og til øyane vest i havet.