Det er enkelt å reise sjøvegen til FjordKysten og når du først har kome hit er det mange spennande stader å besøke! Ofte går det bussar som korresponderer med båt- og ferjerutene slik at du enkelt kjem deg dit du vil. På entur.no finn du rutetider for båt, buss og ferje.

Vi minner om at i høgsesongen og i helgane bør du vere merksam på at det kan vere mykje trafikk på fergene om ettermiddagen.

© Visit FjordKysten

Ekspressbåt til og frå Bergen

Å reise med ekspressbåt langs kysten er ein komfortabel måte å reise gjennom det vakre kyst- og fjordlandskapet. Måndag - fredag går det ekspressbåt til og frå Bergen 2 gongar dagleg. Laurdag og søndag går båten ein gong dagleg. Båten har følgjande stopp:

For informasjon om billettar og rutetider, sjå norled.no

© Lillian Herland

Lokalbåt- og ferjeruter

Lokalbåtar og ferjer går langs FjordKysten til byar, tettstader - og til store og små øyer. Du kan enkelt kjøpe billett om bord i fartøyet. Enkelte av stoppa er "stjernestopp" som betyr at dei må tingast på førehand. Sjå entur.no eller ring Visit FjordKysten på 577 43 000 for meir informasjon. Ein båttur er ein ypparleg moglegheit til å ta ein kvil i bakken medan du nyter det vakre landskapet som glir forbi.

Lokalbåtar og ferjer kan frakte deg desse strekkene:

Kinn

Florø - Veiesund - Askrova - Stavang - Svanøy
Florø - Batalden - Rognaldsvåg - Kinn (kveldsruter)
Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy - Rognaldsvåg - Kinn
Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy
Florø - Rognaldsvåg - Kinn
Måløy - Smørhamn - Florø (Kystvegekspressen)
Oldeide-Måløy
Stårheim-Isane

Solund

Hurtigbåt

Eivindvik - Mjømna - Mastrevik - Nåra
Gulen -Ytre Solund
Gåsvær - Midtre Solund - Hardbakke
Hardbakke - Nåra - Mjømna
Hardbakke - Kolgrov - Utvær
Saltskår - Hersvik

Ferje

Daløy-Haldorsneset
Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella - OBS! I høgsesongen og i helgene bør du vere merksamd på at det kan vere mykje trafikk på ferga om ettermiddagen.

Askvoll

Ferje

Askvoll-Fure-Værlandet
Askvoll-Gjervik-Fure-Askvoll

Lokale skyssbåtselskap