Den vakre togreisa går frå høgfjellsstasjonen Myrdal ned til Flåm stasjon heilt innerst i Aurlandsfjorden og har fått fleire utmerkelsar. Blant anna er den kåra av The Society of International Railway til ein av verdas 25 flottaste togreiser. National Geographic Traveler Magazine har utnemnt Flåmsbana til ein av topp 10 togreiser i Europa, mens Lonely Planet Traveller like godt kåra strekninga til verdas beste togreise.

Arbeidet på togstrekninga starta opp i 1924 og blei opna i 1940. Flåmsbana er ein av verdas brattaste jernbanestrekningar på normalspor: nesten 80% av strekninga ligg i 55% stigning. Vendeltunnelen går i ein spiral inn og ut av fjellet, og er eit imponerande stykke ingeniørkunst. Den 20 km lange togreisa tar deg frå høgfjellet ned til fjorden. Vilt og vakkert fjellandskap med snødekte toppar, frodig natur, imponerande fossefall og fjellgardar som klamrar seg fast i fjellsidene er noko av ingrediensane.

Nedst i Flåmsdalen kjem den vakre Aurlandsfjorden til syne. Aurlandsfjorden er ein sidearm til majestetiske Sognefjorden - verda lengste fjord.

© Sverre Hjørnevik

På denne togturen får du panoramautsikt over noko av den mest spektakulære og ville naturen på Vestlandet. Kvifor ikkje bestille ein rundtur med Fjord Tours? Turane "Norge i et nøtteskall®" og ”Sognefjord i et nøtteskall” går frå Oslo eller Bergen. Finn informasjon og priser her.

Du kan også ta Bergensbanen til Myrdal, og gå på Flåmsbana derfra. Turen tek éin time ned til Flåm.

Flåmsbanamuseet

Flåmsbanamuseet i Flåm gir innsikt i byggingen av ein av Europas brattaste jernbanestrekningar, den tekniske utviklinga og menneskene bak den imponerande konstruksjonen.

Museet viser fram norsk ingeniørkunst i verdsklasse. Her kan man sjå eit autentisk El 9-lokomotiv, eit eldre elektrisk skiftelok, fleire dresiner og ulike utstillinger med tekst, bilde, lyd og gjenstandar. Du får også oppleva ei reise med Flåmsbana gjennom ein videofilm.

© Sverre Hjørnevik

Med sykkel i Flåmsdalen

Flåmsdalen er også veldig fin å sykle. Du kan leige sykkel i Flåm, ta Flåmsbana til Myrdal og sykle ned igjen. Dette er siste strekket av Rallarvegen - Norges kanskje mest spektakulære sykkelrute.

© Terje Rakke / Nordic Life AS

Andre høgdepunkt i området