Eit nytt og skreddarsydd utandørs aktivitetsprogram for interaktiv læring, utforsking og lagarbeid.

Er du nysgjerrig på fjordlandskapet og dei som bur her? Bli med Fjord Rangeren vår på ei reise i tid. Sjå korleis isbreane og elvane har forma landskapet. Lær meir om mangfaldet av dyr og planter i verdsarvområdet, og om det skjøre biologiske samspelet. Gjennom lagarbeid og enkle aktivitetar er du med og byggjer di eiga, vesle fjordgard-bygning, og du får eit innblikk i korleis menneska har overlevd i dette vakre, men ville fjordlandskapet.

Varigheit: 1–2 timar Deltakarar: Minimum 4, maksimum 15 Stad: Besøkssenter verdsarv / Norsk Fjordsenter, utandørs. Ver kledd etter vêrforholda. Inkluderer: Formidling av ein Fjord Ranger og praktisk aktivitet. Fjord Ranger-merke. Fri inngang på Besøkssenter verdsarv. Gratis Wi-Fi.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Gjørvahaugen 35
  • 6216
  • Stranda
Telefon:
+47 70 26 38 10
E-post:
booking@fjordsenter.com
Nettside:
www.fjordsenter.com/

Hvor er Fjord Ranger basecamp-program?