Frukt- og siderruta, den einaste av sitt slag i Noreg, er eit samarbeid mellom Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt & Cideri. Samarbeidet arrangerer årleg siderslepp i mai og fruktslepp i oktober. Det er gangavstand mellom gardane frå sentrum, og alle legg vekt på å gje ulike opplevingar. Alle gardane har salsløyve for sider og utsal av ei rekke gardsprodukt. 

Gardane tek i mot grupper etter avtale for omvising og smaksprøvar, min. 10 stk el. minstepris. Ta direkte kontakt med kvar enkelt gard for bestilling. Einskildturistar kan bestille omvising via tastehardanger.com.

Kontakt

Adresse:
  • 5731
  • Ulvik
Telefon:
+47 911 02 215
E-post:
Nettside:
www.siderruta.no

Hvor er Frukt- og Siderruta, Ulvik?