I Myrkdalen fell det meir snø enn nesten nokon annan plass i Europa. Det gjer destinasjonen til ein ynda plass for skientusiastar, frå dei aller minste som leikar seg i barneområdet, til dei som likar velpreparerte løyper og urørt pudder.

Myrkdalen er eit familievenleg skisenter med 22 varierte løyper og ni heisar, og har alt frå familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar og herleg off-piste terreng. Skisenteret har totalt ni heisar fordelt på to 6-setars ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei aller minste.

Løypenettverket er samanhengande, med totalt 22 varierte løyper i alle vanskegradar. Til saman byr Myrkdalen på 28,5 km med preparerte løyper. Løypene er breie og oversiktlege – Myrkdalen er difor ein ypperleg plass å læra seg å stå på ski. Treng ein skiundervisning eller å leiga ski har skiskulen og skiutleiga i Myrkdalen eit breitt utval av aktivitetar, kurs og utstyr.

Barneområdet har totalt to tallerkentrekk, eit saktegåande rulleband og fire varierte grøne løyper. Barneområdet ligg i sjølve basen av skisenteret, med enkel tilkomst frå parkering og Myrkdalen Hotel.

Langrenn, fjellski og topptur:
For dei som vil trena langrenn eller ynskjer familievenlege turar ligg Årmotslia rett over vegen for skisenteret. Her er det preparerte løyper og 5 km lysløype - perfekt for dei som vil ta ut den siste energien med ei kveldsøkt. Områda rundt Myrkdalen byr også på eit flott terreng for fjellski og toppturar.

Skiskule og skiutleige:
Skiutleige med alt av utstyr finn du hjå Sport 1 Myrkdalen. Myrkdalen Skiskule tilbyr privat- og gruppeundervisning på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark.

Kveldskøyring:
Ope i helgane, og kvar dag i ferier. Kveldskøyringa er i Landsbytrekket og i Mikkeltrekket.

Overnatting:
På Myrkdalen Hotel eller i hytter og leiligheiter.

    Kontakt

    Adresse:
    • Klypeteigane
    • 5713
    • Voss
    Telefon:
    47 47 16 00
    E-post:
    post@myrkdalen.no
    Nettside:
    www.myrkdalen.no

    Hvor er Myrkdalen Fjellandsby?